“Fire auge med glimt og strålar under vippene. Heile spegelglaset fullt. Spørsmål som skyt fram og gøymer seg att. Eg veit ikkje: Glimt og strålar, glimt frå deg til meg, frå meg til deg, og frå meg til deg åleine - inn i glaset og tilbake, og aldri noko svar på kva dette er, aldri noko løysning. Dei raude putande leppene dine, nei det er mine, så likt! Håret på same måten, og glimt og strålar. Det er oss! Vi kan ikkje gjera noko med det, det er som frå ei anna verd. Biletet byrjar å svive, flyt ut til kantane, samlar seg, nei samlar seg ikkje. Det er ein munn som smiler. Ein munn frå ei anna verd. Nei det er ingen munn, det er ikkje noko smil, det er noko ingen veit - det er berre oppspana augevipper over glimt og strålar.”
“Lovnad i djupaste snøen frå Siss til Unn:Det lovar eg deg at eg ikkje vil tenke på noko anna enn deg.Tenke på alt eg veit om deg. Tenke på deg heime og på skolen, og påskolevegen. Tenke på deg heile dagen, og dersom eg vaknar om natta.”
“Kjærleiken er den andesom gjer at vi finst tilKjærleiken er den vandesom vil og ikkje vilKjærleiken er ei lykkeog han er sorga di, han går der bak eit stykkeog så går han forbiKjærleiken er som lyset,det kjem og det forsvinnKjærleiken er det gysetsom seier tap og vinn”
“Ingen ting kan være så rolig og så uendelig som et langt vitermørke, det fortsetter og fortsetter, det er som å leve i en tunnel der mørket stundom fordyper seg til natt og stundom blir dagskumring, man er avskjermet fra alt, beskyttet og mer ensom enn ellers.”
“Det var en historie som knyttet meg til henne med både hjerte og sjel, og jeg kommer aldri til å glemme den. Den er faktisk så virkelig for meg at jeg kan se for meg alle deltakerne og rollene de spilte, som om de står på en scene.”
“Du skjønner, det er så mye som ikke for plass om sommeren og høsten og våren", sa hun. "Alle som er litt sjenerte og litt rare. Forskjellige slags nattdyr og folk som ikke passer inn noen steder, og som ingen tror på. De holder seg unna hele året. Og så, når det er helt stille og hvitt og nettene blir lange og alle har gått i hi - da kommer de fram.”